Minneord frå borna, til gravferda i Austevoll kyrkje 17. november 2017.
Mamma vart fødd på Troland 31. desember 1928. Ho budde der til familien flytta til Meland i 1937. Dei flytta tilbake til Troland etter krigen.
Mamma vart i 1954 gift med Mons Johannessen frå Litlakalsøy. Ho flytta då dit, og fekk der ansvar for pappa sin onkel og tante, i tillegg til at ho hadde telefonsentralen fram til denne var nedlagt.
I 1964 fekk pappa jobb på Storebø, og året etter flytta familien etter. Dei fekk fire barn i perioden 1955 – 1966, og etter kvart også to barnebarn.
Mamma vart buande på Storebø i fem år etter at pappa døde i 2002. I 2007 flytta ho til leilighet i Bergen, der ho vart buande til ho sommaren 2017 fekk plass på Bergen Røde kors sjukeheim. Ho var også svært takksam for at ho fekk tilbringa den siste tida si på der. Ho følte seg godt ivaretatt der, ho kjente seg trygg.
Mamma var sosial, engasjert, opptatt av familien, ikkje redd for å prøva nye ting. Ho fann til dømes ut som ganske ung jente at ho ville reise til Skjerjehamn i Gulen for å prøva seg i jobb der. Ho var elles innom fleire ulike yrke, ho jobba på telefonsentralen på Storebø til denne vart automatisert, og deretter fekk ho jobb i arbeidsformidlinga i Austevoll, ei stilling ho hadde til ho gjekk av med pensjon. Dei siste åra auka ho til 100 % stilling og pendla til Nesttun nokre dagar i veka.
Mamma hadde godt humør, såg helst ting frå den lyse sida, og lo mykje. Ho kunne også gjerne le av seg sjølv. Ho var omsorgsfull, engasjert i alle rundt seg, ville at alle skulle ha det bra.
Mamma sin basis var familien. Det var viktig for henne at ungane skulle få dei mulighetene ho sjølv ikkje hadde fått då ho var ung. Ho arbeidde for at vi skulle ta utdanning, og ho satte til side sine eigne behov i den mest krevjande perioden, då ungane var 16 – 19 år. Ho var nøysom, satte opp budsjett for å få økonomien til å gå rundt.
Det var viktig at basisbehova vart ivaretatt først, og at ungane hadde heile og reine klede. Mamma var opptatt av å involvera oss ungane i dei beslutningane som vart tekne i heimen, slik at vi fekk ei forståing av kvifor vi måtte prioritera noko foran noko anna.
Då foreldra hennar vart gamle tok ho ansvar også for deira velvære, mor hennar vart tidleg sjuk og begge foreldra var buande hos oss i periodar fram til dei fekk plass på aldersheimen.
Mamma var den som samla familien, ho likte seg aller best når alle var samla til dømes ved høgtider som jul og påske. Det var viktig for henne å ha kontakt med ungane, enten det var besøk eller telefonsamtaler så var ho alltid tilgjengeleg.
For å ivareta denne kontakten tok ho gjerne i bruk ny teknologi. Ho var tidleg ute og lærte seg å bruka datamaskin, og var heller ikkje sein med å lære seg å bruke mobiltelefon. I kontakten med familie og vener var ho såleis dei seinare åra flittig brukar av Facebook, og til samtaler med ungane som ikkje budde i nærheten ville ho bruka Skype, då kunne ho få sjå oss, då var vi litt nærmare henne. Dei siste åra tok ho også i bruk Snapchat for å ha meir kontakt med barnebarna sine.
Mamma var opptatt av rettferd og likeverd, alle hadde like stor verdi for henne, uansett bakgrunn. Ho var ein sosial person, som likte å sjå folk og snakka med folk.
Ho var med å starta trimgruppe for eldre i Austevoll, og var aktiv i eldrelaget og i Seniordans. Ho var og i ein kort periode aktiv i lokalpolitikken i Austevoll.
Mamma likte å reise, ho og pappa reiste mykje, både i inn- og utland. Først på båt, deretter vart det bilferiar i Noreg, og seinare både bussturar i Europa og pakketurar til Syden, gjerne saman med søster og svoger. Ho reiste også mykje etter at pappa døde i 2002, og var til dømes på langtur til Brasil så seint som i desember 2014, i ein alder av 85 år, saman med to søner og svigerdatter.
Mamma trudde på Gud og var glad i salmer og religiøse samlingar. I så måte er det aller siste innlegget ho sjølv la ut på Facebook (5. oktober) talande:
«Eg har hatt ein fin dag. Vore på gudstjeneste i 1. etj. På røde kors sitt sykehjem i Sandviken, der alle var velkomen anten du hadde klut på deg eller andre plag på hovudet».
Til slutt vil eg på vegne av barna få retta ein stor takk til mamma, for alt ho var for oss og alt ho gjorde for oss heilt fram til det siste.
Takk Mamma, vi savnar deg sårt!
Vis mer
Vis mindre